Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2020-05-13

FJORD: Q1 2020: Trygg og stabil drift under krevjande forhold

Høgdepunkt frå første kvartal:

o Dei viktigaste prioriteringane til Fjord1 i Covid-19-pandemien har vore å
sikre tryggleiken og sikkerheita til dei tilsette, kundane og leverandørane samt
sørge for stabil drift. Selskapet har hatt full drift og framdrift i den
planlagde auken av nye kontraktar. Drifta har vore i samsvar med alle nasjonale
og lokale reglar og tilrådingar for å redusere spreiinga av viruset.
o Driftsinntekta auka med 17 % til NOK 752 millionar etter oppstart av nye ruter
frå 1. januar 2020 medan EBITDA auka med 23 % til NOK 194 millionar. Den
reduserte aktiviteten på ferjer og passasjerbåtar grunna reiserestriksjonar har
hatt mindre økonomiske betydning sjølv om konsekvensane for catering og turisme
har vore vesentlege.
o Programmet for fornying av flåten nærmar seg slutten, med fem fartøy leverte i
kvartalet og to leveransar som står att av eit samla tal på 25 nye fartøy
o Totale investeringar på NOK 932 millionar i kvartalet, inkludert NOK 109
millionar i infrastruktur og ein auke i netto renteberande gjeld (NIBD) til NOK
5 848 millionar.
"Som tidligare kommunisert, ser Fjord1 på 2020 som eit oppstartsår med auka
kapasitet, oppstart av fleire nye ferjekontraktar, fullføring av programmet for
bygging av nye fartøy og større grad av elektrifisering av flåten. Med ein
langsiktig portefølje på NOK 22,8 milliardar og spanande langsiktige prospekt i
turistindustrien, har Fjord1 eit solid fundament for å navigere i ein noko meir
usikker marknad. Selskapet står fast ved langtidsstrategien for å vere ein
leiande aktør i den norske ferjemarknaden, som tilbyr trygg, påliteleg og
miljøvennleg transport til kundane," seier adm. dir. Dagfinn Neteland.
Ansvaret Fjord1 har som leverandør av samfunnskritiske samfunnsoppgåver langs
kysten i Noreg, har avgrensa dei samla økonomiske konsekvensane i kvartalet.
Reiserestriksjonar for teknisk personell frå Tyskland og Italia kan føre til
forseinke innføringa av elektrifisert infrastruktur. Vidare kan slike
forseinkingar utsette oppstarten av fullelektrifiserte ferjeruter, som igjen vil
utsette utbetalinga av den offentlege NOx-kompensasjonar for dei nye fartøya,
betaling for infrastruktur og forventa innsparingar i drivstoffutgifter, samt
vendepunktet for nivået på den netto renteberande gjelda. Fjord1 overvakar
framdrifta i infrastrukturprosjekta nøye og følger opp internasjonale
leverandørar.

Framtidsutsikter
o Fjord1 trur trygg, miljøvennleg og påliteleg transport i kystregionar vil vere
etterspurd i framtida.
o Fjord1 vil kontinuerleg vurdere anbodsmogelegheiter og andre mogelegheiter,
også utanfor Noreg.
o Fjord1 har ein sterk kontraktsportefølje på 22,8 milliardar NOK i samla verdi
til 2033, opsjonar og indeksregulering unnateke.
o I 2020 er det venta at omsetninga vil auke med 10-15 % samanlikna med 2019.
Auken skuldast i stor grad dei nye ferjesambanda som starta 1. januar 2020. Det
er forventa at fullføring av ny infrastruktur knytt til nye og oppgraderte
fartøy gradvis vil føre til ei forbetring av EBITA-marginen.
o Netto renteberande gjeld er forventa å auke, men er venta å gå ned i 2020
grunna betre kontantflyt, lågare investeringar samt sal av infrastruktur.

Kvartalspresentasjon vil bli holdt som en webcast, avslutta med muligheit for
spørsmål og svar. Presentasjonen blir holdt av administrerende direktør Dagfinn
Neteland, klokka 08.30

Deltakelse via vedlagt link: https://fjord.eventcdn.net/202005q12020/

Kontaktar
Dagfinn Neteland, adm. dir., Fjord1 ASA
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071

Anne-Mari Sundal Bøe, økonomi- og finansdirektør, Fjord1 ASA
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906

Om Fjord1
Fjord1 har som mål å vere den tryggaste og mest attraktive tilbydaren av
miljøvennleg og påliteleg transport for kundar, klientar og partnarar. Fjord 1
er ein leiande aktør i den norske ferjemarknaden med meir enn 70 ferjer, med
verksemd også innan passasjerbåttenester, catering og turisme.
Les meir på www.fjord1.no

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/505323

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.