Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-08-14

SBSS: Historisk godt resultat for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Halvårsresultatet til konsernet SpareBank 1 Søre Sunnmøre viser eit resultat før
tap og skatt på 133,4 millionar kroner. Det sterke resultatet skyldast sterk
kundevekst, kostnadseffektiv drift, låge tap samt god avkasting på finansielle
investeringar.

- Resultatet viser at banken er inne i ei god utvikling. Vi veks, aukar
inntektene frå bankdrifta og har kontroll på kostnadane. Tapa er låge, og
kvaliteten i utlånsportefølja er god. Det gir tryggleik for både kundar, eigarar
og dei tilsette, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre,
Stig Brautaset.
Sterk vekst
SpareBank 1 Søre Sunnmøre er den einaste banken med hovudkontor på Søre
Sunnmøre, og tilbyr rådgjeving til kundar over heile landet. Dei siste 12
månadane har banken hatt ein samla vekst i utlån, inkludert lån overført til
kredittføretak, på 11,0 prosent. Denne fordelar seg på 9,1 prosent i
personmarknaden og 21,8 prosent i bedriftsmarknaden. Banken har også dei siste
12 månadane hatt ei auke i innskot på 13,7 prosent. Denne fordelar seg på 7,3
prosent i personmarknaden og 24,6 prosent i bedriftsmarknaden. Den høge veksten
i bedriftsmarknaden må sjåast i lys av utlånsreduksjonen i 2016 og 2017. Det er
venta ein noko lågare prosentvis vekst i tida som kjem.

- Det er knallhard konkurranse om kvar einaste kunde. Den sterke veksten som
ligg godt over marknadsveksten er ei stadfesting på at vi er attraktive,
konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset.
Han trekk også fram banken sitt låge tapsnivå, som han meiner heng tett saman
med nærleik til kundane og marknaden, samt kvaliteten i kredittarbeidet mot både
nye og eksisterande utlånsengasjement. Ved utgangen av 2. kvartal 2019 utgjorde
tap 0,19 prosent av brutto utlån.

Kostnadseffektiv drift
Halvårsresultatet viser at driftskostnadane i banken er reduserte med 4,2
millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.
- I ei tid der omstillings- og utviklingstakten i bransjen er høg er det
gledeleg at banken kan vise til reduserte driftskostnadar. Vi har eit stort
fokus på kompetanseheving og over tid er det bygd opp ein treningskultur som
bidreg til samhald og motivasjon blant dei tilsette, seier Brautaset.
Utsiktene framover
SpareBank 1 Søre Sunnmøre forventar at aktivitetsnivået i banken sitt
marknadsområde held seg oppe og at den positive utviklinga vil fortsette.
- Det er ein solid og godt rusta bank som er klar for å tilby kundane våre eit
breidd, godt og konkurransedyktig tilbod også i framtida, seier administrerande
direktør Stig Brautaset i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Nøkkeltal
(Tal i parentes for tilsvarande periode i fjor)
o Resultat før skatt: 125,0 mill. kroner (62,3 mill. kroner)
o Eigenkapitalavkastning etter skatt for konsernet: 18 prosent (9,7 prosent)
o Kostnadsprosent i konsernet: 32,3 prosent (50,6 prosent)
o Netto provisjons- og andre inntekter: 34,6 mill. kroner (37,1 mill. kroner)
o Netto avkastning på finansielle investeringar: 90,8 mill. kroner (29,6 mill.
kroner)
o Tap på utlån: 8,4 mill. kroner (4,0 mill. kroner)
o Utlånsvekst siste 12 mnd inkludert kredittføretak: 1.115,8 mill. kroner
tilsvarande 11,0 prosent (505,6 mill. kroner, 5,3 prosent)
o Innskotsvekst siste 12 mnd: 862,2 mill. kroner tilsvarande 13,7 prosent (340,8
mill. kroner, 5,7 prosent)
o Forvaltningskapitalen i konsernet: 10.282,5 mill. kroner (9.061,1 mill.
kroner)
o Forvaltningskapitalen inkludert kredittføretak: 12.724,5 mill. kroner
(11.707,7 mill. kroner)
o Kapitaldekning forhaldsmessig konsolidert: 19,7 prosent (20,8 prosent)
o Rein kjernekapitaldekning forhaldsmessig konsolidert: 16,1 prosent (16,6
prosent)

Volda, den 14. august 2019

Kontaktpersonar:
Stig Brautaset, Adm. direktør, SpareBank 1 Søre Sunnmøre, mobil 90 82 64 48
Olaf Eskeland, Banksjef Økonomi og finans, SpareBank 1 Søre Sunnmøre, mobil 45
22 54 89

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/482810

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.