Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-11-15

TYSB-ME: Gode resultat i Tysnes Sparebank

Godt 3. kvartal i Tysnes Sparebank
Tysnes Sparebank oppnår eit resultat før skatt på 28,8 millionar kroner etter 3.
kvartal 2019. Dette er 6 millionar kroner betre enn på same tid i fjor.

Forvaltningskapitalen til banken inkludert lån via boligkredittforetaket, er på
om lag 3,7 milliardar kroner. Veksten sidan årsskiftet er på 8 %.

"Banken er nøgd med den gode utviklinga som har vore dei siste åra, så langt i
2019 syner tala at vi er i god driv og aukar marknadsandelen til banken i
regionen» seier banksjef Dag Sandstå.

Brei kontorstruktur
Tysnes Sparebank har hovudkontor i Våge på Tysnes og salskontor på Stord og
Husnes. I tillegg har banken etablert møteplasser der banken møter kundane i
deira nærmiljø.

«Lokal tilstedeværelse kombinert med dyktige medarbeidarar som kjenner
lokalsamfunnet har vore suksess-oppskrifta for den veksten banken har hatt dei
siste åra» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Opnar nytt kontor på Halsnøy idag
Banken opnar i dag ein ny møteplass på Sæbøvik på Halsnøy. Det er i dei gamle
lokala til Sparebanken Vest på Sæbøvik kundane no kan møta Tysnes Sparebank
saman med Aktiv Eiendomsmegling.

«Det er eit flott konsept dei lokale initiativtakarane på Halsnøy har gjort når
dei har lagt til rette for vår nye møteplass på Sæbøvik, det gjer det enkelt for
kundane våre å treffa lokalkjente bankmedarbeidarar i sitt eige nærområde» seier
banksjefen.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 14. november 2019

Dag Sandstå
Banksjef

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/489492

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.