Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-11-20

FJORD: Fjord1 resultat tredje kvartal

Lågare volum og høge investeringar i eit overgangsår
I tredje kvartal rapporterer Fjord1 ei driftsinntekt på NOK 705 millionar,
EBITDA på NOK 278 millionar og eit resultat etter skatt på NOK 115 millionar.
Høgdepunkt frå tredje kvartal:
o Drifta var stabil og nedgangen i driftsinntekt i forhold til tredje kvartal i
fjor skuldast forbigåande lågare ferjevolum. Driftsinntekta er venta å ta seg
opp att når dei nye kontraktane trer i kraft 1. januar 2020
o Positive resultatbidrag frå alle fire segment. Solide resultat frå turisme,
først og fremst frå tilknytte selskap
o Nybyggings- og oppgraderingsprogrammet skrid fram med to nye fartøy i
kvartalet
o Fire av dei 12 fartøya som skulle leverast i fjerde kvartal 2019, kjem ikkje
før i første kvartal neste år. Denne forseinkinga vil ikkje påverke oppstarten
av nye kontraktar frå 1. januar 2020. Erstatningsfartøy i overgangsperioden er
sikra
o Auken i den netto renteberande gjeld heldt fram grunna investeringar på NOK
552 millionar

«2019 er eit overgangsår med endringar i kontraktsporteføljen og vesentlege
investeringar i null- og lågutsleppsfartøy og elektrifiseringsinfrastruktur.
Desse investeringane er eit viktig steg mot visjonen vår om å bli den mest
miljøvenlege leverandøren av ferjetransport og realisere
verdiskapingspotensialet i den store og langsiktige kontraktporteføljen vår»,
seier adm. dir. Dagfinn Neteland

Framtidsutsikter
o Sterk kontraktportefølje på totalt NOK 24,5 milliardar samla verdi ut 2033,
ikkje inkludert potensielle forlengingar og indeksregulering
o Driftsinntekt i 2019 er venta å gå ned med 15-17% sidan fjoråret
o Driftsinntekt i 2020 er venta å gå opp med 10-15% samanlikna med 2019
o Det er venta at netto renteberande gjeld vil auke ytterlegare, men snu i 2020
på grunna av betra kontantstraum, lågare investeringar og sal av infrastruktur

Kontakt
Dagfinn Neteland, CEO, Fjord1 ASA
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071

Anne-Mari Sundal Bøe, CFO, Fjord1 ASA
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/489761

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.