Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-08-21

FJORD: Fjord1 sitt resultat for 2. kvartal og første halvår 2019

Lågare volum og høge investeringar i eit overgangsår

I andre kvartal omsette Fjord1 for NOK 689 millionar. EBITDA vart NOK 225
millionar og resultat etter skatt for perioden vart NOK 104 millionar.
Oppsummering av andre kvartal:
o Resultatet er påverka av ein midlertidig inntektsnedgang som i hovudsak
skyldast overgangsendringar i ferjeporteføljen
o Positivt resultatbidrag frå alle dei fire segmenta, men svakare resultat i
Catering samanlikna med andre kvartal i fjor
o Overordna stabil drift i ein periode med høg aktivitet grunna førebuingar
knytt til nye kontraktar som startar opp i 2020 i tillegg til naturlege
sesongvariasjonar
o Høge investeringar knytt til nybygg, ombyggingar, kaier og infrastruktur for å
gje rom til drivstoff med null og lite utslepp og for å styrke konkurranseevna i
framtidige anbod
o Midlertidig auke i netto rentebærande gjeld (NIBD) til NOK 3,7 milliardar -
Lånevilkår er overhaldt

Inneverande år er eit overgangsår for Fjord1 med betydelege investeringar knytt
til nybygg og infrastruktur kombinert med førebuingar til oppstart av nye
kontraktar neste år. Dette førte til ein nedgang i omsetnad og EBITDA, samt ei
auke i NIBD-nivået i andre kvartal samanlikna med andre kvartal i fjor. I
tillegg vart den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg i Bjørnefjorden avvikla
med verknad frå 1. januar 2019, noko som har medverka til lågare volum og
omsetnad i kvartalet.

«Sjølv om vi er i overgangsår med lågare volum og høge investeringar, har vi
positive resultat i alle dei fire segmenta og ein EBITDA-margin på 33% som er på
same nivå som andre kvartal i fjor», fortel administrerande direktør Dagfinn
Neteland.

«Vi er tilfredse med utviklinga i drifta i andre kvartal. Vi er glade for å ha
signert kontrakten for Halsa-Kanestraum sambandet for perioden 2021-2030 etter
utgangen av kvartalet. Signeringa fann stad 16 august og markerer vår posisjon
som ein leiande aktør i ferjemarknaden», seier Neteland.

Første halvår 2019
I første halvår av 2019 hadde Fjord1 inntekter på NOK 1,329 millionar, ein
EBITDA på NOK 383 millionar og eit resultat før skatt på NOK 118 millionar.
Omsetnaden fall med 12% samanlikna med første halvår av 2018, hovudsakleg som
følgje av dei pågåande overgangsendringane i ferjeporteføljen og avviklinga av
den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg. Nedgangen i omsetnad i 2019 er
midlertidig og er forventa å auke i samband med oppstart av nye kontraktar 1.
januar 2019.
Viktige hendingar fann stad i første halvår av 2019:
o Levering av dei to 120 PCE-ferjene MF Giskøy og MF Suløy. Totalt er 14 nye
fartøy forventa levert i andre halvår av 2019, inkludert MF Rovdehorn som vart
levert 9. juli
o Sambanda Hareid-Sulesund Brekstad-Valset, Arvågen-Mortavika-Daløy-Haldorsneset
starta 1. januar 2019, mens Halhjem-Sandvikvåg og Flakk-Rørvik vart
avvikla
o Den felleskontrollerte verksemda Vy Fjord1 Reiseliv AS vart stifta og er eigd
av Vygruppen AS og Fjord1 ASA

Framtidsutsikter
o Sterk kontraktportefølje på totalt NOK 24,5 milliardar i samla verdi ut 2033,
ikkje inkludert opsjonar
o Inntekter er forventa å auke med nye kontraktar med gradvis oppstart frå 1.
januar 2020
o Netto renteberande gjeld er forventa å auke i andre halvdel av 2019
o Netto renteberande gjeld vil gå ned i 2020 grunna betra kontantstraum, lågare
investeringar og sal av infrastruktur

Kontant
Dagfinn Neteland, CEO, Fjord1 ASA
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071

Anne-Mari Sundal Bøe, CFO, Fjord1 ASA
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906

Om Fjord1
Fjord1 skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttrans­port for våre kundar, oppdragsgjevarar og
samarbeids­partnarar. Fjord1 er ein leiande aktør i den norske ferjemarknaden
med meir enn 70 ferjer, og verksemd innan passasjerbåt, catering og turisme.
Meir informasjon på www.fjord1.no

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/483429

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.