Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-11-06

SFEN: Sogn og Fjordane Energi AS: Endra utbyttepolitikk

Utbyttepolitikken i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) har gjennom mange år vore
at 70% av morselskapet sitt resultatet skal avsettast til årleg utbytte. Dei
tre siste åra har selskapet avvike frå dette pga store investeringar i
nettanlegg og nye vasskraftanlegg. I 2016 og 2017 var avsett utbytte 50% av
resultatet og i 2018 ca 30% av resultatet. SFE sine eigarar har også tilført
selskapet 216 million kroner i ny eigenkapital i 2016 og 2017 som
delfinansiering av investeringane. Det er viktig for SFE å bevare ein god
kredittverdigheit for å sikre gode finansieringsvilkår. På bakgrunn av dette er
utbyttepolitikken drøfta med eigarane.

I tillegg til store nettinvesteringar har SFE Østerbø og Jølstra kraftverk under
bygging saman med partnarar. SFE har også andre lønsame
investeringsmoglegheiter i fornybar kraft gjennom vindkraftkonsesjonar. For å
styrke selskapet og gjere SFE betre i stand til å nytte desse
investeringsmoglegheitene har styret i samråd med eigarane komme fram til ein
utbyttepolitikk som tek omsyn til selskapet sine investeringar.

Utbyttepolitikken tek utgangspunkt i morselskapet sitt resultat etter skatt,
investeringane det enkelte år og storleiken på ordinære årlege avskrivingar.

Framtidig utbytte vil bli berekna slik som dette:
Morselskapet sitt resultat etter skatt x 90%
- (Årets investeringar - Årets ordinære avskrivingar) x 30%
= Årets utbytte

For å sikre tilstrekkeleg stabilitet i utbytte for selskapet sine eigarar, er
utgangspunktet at det årlege utbytte vert på minimum 75 mill. kroner, dersom
styret finn dette tilrådeleg etter ei samla vurdering av selskapet sin
likviditet og soliditet.

Den nye utbyttepolitikken vil sikre at ein større del av verdiskapinga vert
verande igjen i selskapet i periodar med høge investeringar. Dette vil styrke
selskapet og gjere SFE betra rusta til å utnytte dei moglegheitene som selskapet
sine fornybarkonsesjonar gir. Når SFE er over den tyngste investeringsperioden
vil utbyttet frå selskapet igjen auke og eigarane kan hauste av dei lønsame
investeringane som utbyttepolitikken har gjort mogleg.

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/488686

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.