Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-08-30

SFEN: Sogn og Fjordane Energi AS: Halvårsrapport 2019

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 275 millionar
kroner i første halvår 2019. Dette er 183 millionar kroner høgare enn første
halvår i fjor, og det er eit av dei beste halvårsresultata for SFE.

Den sterke resultatveksten skuldast i hovudsak positiv verdiendring på
kraftkontraktar i sikringsportefølja, men samstundes er den underliggande drifta
også god og betre enn 1. halvår i fjor. Marknadsverdien på urealiserte
kraftkontraktar er auka med 100 millionar kroner sidan årsskiftet og dette er
ein viktig grunn til det gode resultatet. Til samanlikning vart det i 1.halvår
2018 kostnadsført 77 millionar kroner i urealisert verdinedgang. Dette forklarar
såleis 177 millionar kroner av resultatauken frå 1. halvår i fjor.

- Som eit ledd i risikostyringa vår, sel vi delar av framtidig kraftproduksjon
gjennom finansielle kraftsalskontraktar. Verdien av kraftkontraktane steig frå
ein negativ verdi på 54 millionar kroner ved årsskiftet til ein positiv verdi på
46 millionar kroner pr 30.06.19. Dette utgjer ein stor del av betringa i
halvårsresultatet samanlikna med 2018, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/484180

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.