Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2019-08-14

SFSB: Sparebanken Sogn og Fjordane - 2. kvartal 2019

Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 2. kvartal
2019. Rekneskapen viser eit totalresultat på 117 millionar kroner for kvartalet,
noko som gir 10,1 % eigenkapitalavkastning.

Netto renteinntekter er på 230 millionar kroner, ein auke på 19 millionar kroner
frå 2. kvartal 2018. Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar er
redusert med 1 million kroner til 37 millionar kroner. Finansielle postar er på
20 millionar kroner mot 24 i fjor.

Kostnadene er på 119 millionar kroner, ein auke på 13 millionar kroner
samanlikna med same periode i fjor. Delar av auken skuldast endra periodisering
og vil jamne seg ut over året.

Nedskrivingar på utlån er 8 millionar kroner mot 6 millionar kroner for 2.
kvartal 2018.

I sum gir dette eit resultat før skatt på 159 millionar kroner mot 160 millionar
kroner i fjor, og eit totalresultat på 117 millionar kroner mot 123 millionar
kroner i fjor.

Hittil år har banken eit totalresultat på 243 millionar kroner og ein
eigenkapitalavkastning på 10,4 %.

Vekst i utlån er på 5,7 % siste 12 månadar, fordelt på 5,4 % til privatmarknaden
og 6,5 % til bedriftsmarknaden.

Konsernet har pr. 30.06.19 rein kjernekapitaldekning på 14,8 % og total
kapitaldekning på 18,2 %. Med tillegg av årsresultat er rein
kjernekapitaldekning 15,3 %.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 2. kvartal 2019.

Kontaktpersonar:
Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/482874

Författare OSE News

Tala om vad ni tycker

Tala om vad ni tycker

Ni är just nu inne på en betaversion av nya aktiespararna. Lämna gärna feedback på vad ni tycker i formuläret nedan.