Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2020-02-14

SFSB: Sparebanken Sogn og Fjordane - 4. kvartal 2019

Korrigering: Feil i investorpresentasjon på kvotert LCR og forfallsprofil
korrigert. Ingen endring på kvartalsrapport.

Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 4. kvartal
2019. Rekneskapen viser eit totalresultat på 162 millionar kroner for kvartalet,
og 553 millionar kroner for året under eitt. Årsresultatet gir ein
eigenkapitalavkastning på 11,9 %.

Netto renteinntekter enda på 932 millionar kroner, ein auke på 76 million kroner
frå 2018. Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar auka med 5 million
kroner til 143 millionar kroner. Finansielle postar enda på 147 millionar kroner
mot 61 millionar kroner i 2018.

Kostnadane auka med 32 millionar kroner til 492 millionar kroner, men grunna god
inntektsvekst fall kostnadsprosenten til 40,1 %.

Samla tap for konsernet er på 40 millionar kroner, ein auke frå 16 millionar
kroner, men framleis på eit lågt nivå. Nedskrivingane utgjer 0,08 % av brutto
utlån.

I sum gir dette eit resultat før skatt på 696 millionar kroner i 2019 og eit
totalresultat etter skatt på 553 millionar kroner. Styret foreslår eit utbytte
pr EK-bevis på kr 8,00, noko som tilsvarar ein utbyttegrad på 31 %.

Vekst i utlån er på 5,5 % siste 12 månadar, fordelt på 5,8 % til privatmarknaden
og 4,5 % til bedriftsmarknaden.

Konsernet har pr. 31.12.19 rein kjernekapitaldekning på 16,5 % og total
kapitaldekning på 19,8 %. Banken har nyleg fått vedtak på ny pilar 2-krav, som
blir redusert frå 1,9 % til 1,7 %. Det betyr at regulatorisk minstekrav til rein
kjernekapitaldekning frå 31.3.20 blir 14,2 % og banken er godt i rute til å
oppfylle kapitalkrav inklusiv management buffer, også etter ein eventuelt auka
systemrisikobuffer.

Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 4. kvartal 2019.

Kontaktpersonar:
Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/495537

Författare OSE News