Bli medlem
Bli medlem

Du är här

2020-02-13

TYSB-ME: Solid 4. kvartal for Tysnes Sparebank i 2019

Godt 4. kvartal i Tysnes Sparebank
Tysnes Sparebank har eit resultat før skatt på 36,2 mill. kroner for året 2019.
Dette er ei resultatbetring på om lag 5 mill. kr. i høve til 2018.

"Banken er nøgd med den gode utviklinga banken har, årleg auke i antal kundar
kombinert med effektiv drift er suksessoppskrifta for banken» seier banksjef Dag
Sandstå.

Auka marknadsandel i Sunnhordlandsregionen
Tysnes Sparebank med hovudkontor i Våge på Tysnes har dei siste åra auka
marknadsandelen lokalt. Innan personkundemarknaden har banken omlag 10 %
marknadsandel, noko som er ei dobling frå 2015 til utgangen av 2019.

«Ein god kontorstruktur, der banken er representert med lokalkjente
medarbeidarar som kjenner dei lokale tilhøva legg grunnlaget for den
kundetilstrøyminga banken har hatt dei siste åra» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Utlånsvekst på 10 % i 2019
I 2019 har banken hatt ein utlånsvekst på om lag 10 %, medan innskot har auka
med 4 %. Banken skal ha ein god balanse mellom innskot og utlån. Ved utgangen av
året er 73 % av utlåna finansiert av innskot frå kundar. Målet er å ha om lag 80
% av utlån finansiert av innskot frå kundar.

Noko auke i tap
Banken har auka tapsavsetningane i 2019 samanlikna med 2018. Det er ein
kombinasjon av tapsavsetjing på enkeltengasjement og gruppevise avsetjingar.
Avsetningane er ikkje faktiske tap, men avsetjingar i rekneskapen for å ta høgde
for potensielle tap fram i tid.

Forstanderskapet skal godkjenne årsrekneskapet 26. mars 2020
Forstanderskapet i banken skal den 26. mars 2020 godkjenne årsrekneskapet og
avgjere størrelsen på direkte utbytte til eigenkapitalbeviseigarane. Styret i
banken innstiller til forstanderskapet at det skal delast ut 10 kr i utbytte per
eigenkapitalbevis. Det er ei avkastning på om lag 10 % per bevis.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 12. februar 2020

Dag Sandstå
Banksjef

Source Url: https://newsweb.oslobors.no/message/495246

Författare OSE News